New Zealand Company

New Zealand Company

Skipa1839
Nedlagd1858

New Zealand Company vart skipa i 1839 i London med føremålet å fremja «systematisk» kolonisering av New Zealand. I koloniseringsprosessane skulle selskapet følgja prinsippa til Edward Gibbon Wakefield, som såg for seg danninga av ein ny modell av engelske samfunn på den sørlege halvkula. Selskapet skipa busetnadar ved Wellington, Nelson, Wanganui og Dunedin, og medverka også i grunnlegginga av New Plymouth og Christchurch. New Zealand Company nådde høgdepunktet i verksemda si kring 1841, men møtte økonomiske vanskar i 1843. Det kom aldri over desse, og selskapet vart oppløyst i 1858.

New Zealand Company vart kjent for si detaljerte og storslåtte annonsering, og for sine sterke åtak på dei som vart oppfatta som motstandarane deira – det britiske Colonial Office (Kolonisekretariatet) og etterfølgjande newzealandske guvernørar. Det stod sterkt mot Waitangitraktaten, og vart i sin tur ofte kritisert av Kolonisekretariatet og newzealandske guvernørar for «lureri» og løgner.[1] Selskapet såg også på seg sjølv som ei framtidig kvasi-regjering på New Zealand, og føreslo i 1845 og 1846 å dela kolonien i to, langs ei linje frå Mokau i vest til Cape Kidnappers i aust – og å reservera nord for māoriar og misjonærar, medan sør skulle verta ein sjølvstyrt provins, kjent som «New Victoria» og styrt av selskapet. Kolonisekretariatet avslo framlegget.[1]

  1. 1,0 1,1 Patricia Burns (1989). Fatal Success: A History of the New Zealand Company. Heinemann Reed. ISBN 0-7900-0011-3. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search